Merkeleg det der med ferie. Med ein gong skulen er slutt, melder eg meg meir eller mindre ut av samfunnet og endar opp som ein holebuar i ca to månader før skulen startar igjen. Dette er noko som har skjedd kvart år så lenge eg kan hugse, og dette året er intet untak. Spørsmålet er derfor kva eg eigentleg gjer når det er ferie? Dette lurar eg også på, for dagane går så fort, og eg gløymer både tid og stad meir eller mindre. Heldigvis har eg i det minste jobba i tre veker no, så eg har i det minste fått sosialisert meg med (stort sett) søte demente folk på 70++. Men no har eg på nytt fått ferie, som eg etter all sannsynlegheit skal ha i 4-5(?) veker til. I den tiden har eg store planar om å fortsette å gjere nettopp dette:
Nemleg å lese ferdig Trueblood bokserien… 8(!) bøker!
Ellers har eg og min kjære vore til fjells. Berre så synd at det mest interessange var at eg klarte å svelge eit insekt på vegen opp, og då me først var oppkomne, var det ca 3 millionar mygg der. Her snakkar me mygg i munnen, nasen, øyra og augene. Ellers var det ein veldig fin tur, der eg hverken nekta å gå eller besvimte av anstrengelse.
Veldig ok utsikt i vertfall : )
No hadde eg eigentleg store planar om å bade, men dessverre bestemte skyene seg for å fotfølge sola og kidnappe ho i sekundet eg tenkte tanken. For all del.

