I dag føler eg meg faktisk rett og slett mørbanka i kroppen. Kvifor det? Jo, det skal eg seie: fordi Heidi har etter å ha hatt ferie i nokre veker, byrja å jobbe igjen i dag! Med andre ord har den stakkars kroppen min fått totalt sjokk etter å ha vore mildt sagt mykje i ro i fleire veker, til å pang, byrje å jobbe der ein går og går og går frå kl. 07.30 til 14.30. Òg det gjer ikkje saken betre då eg gjekk(!!) dei 2-3(ca?) kilometerane heim, for så finne ut at det var ein hentelapp i postkassa på den kjære klokka mi (som eg kjøpte på ebay for nokre veker sidan), som gjorde at eg snudde for så å gå nesten like langt tilbake for å hente den, for så å gå heim igjen. Dette er eit fint eksempel på kva ein gjer når ein er skikkeleg desperat. Det kjem definitivt heller ikkje til å skje igjen på ei god stund, berre så det er sagt.
!! : )
Det einaste eg skal gjere resten av kvelden er ganske, rimeleg enkelt: ikkje gjere ein drit. Fann ei bok av Jo Nesbø i “biblioteket” til mamma, som eg ikkje har lest; vurderar med andre ord å angripe den. Det er det einaste logiske å gjere når stygge fotball VM absolutt må overta for Frustrerte Fruer!

FAAAAAAAB klokke! Håper du har greid å hente deg inn igjen nå