I det siste har eg:
Vore på avslutning for vidaregåande. Og nettopp derfor har eg òg blitt påtvinga til å bruke den stygge, ekle, varme og stikkande bunaden eg er såå glad i. Er nok definitivt derfor eg smiler veldig komfortabel på dette bildet (men eg er storfornøgd fordi eg ikkje sølte på meg sjølv noko eg alltid gjer, gjev derfor ein stor takk til den fantastiske servietten!). Det blei alt i alt veldig mange falske smil den kvelden:
Det er ikkje mogeleg å sjå perfekt ut i bunad! Heile avslutningen kan enkelt oppsummerast som veldig lite tårevåt (høyrde rykte om at det kun var nokre vaskedamer som tok til tårene), ikkje spesielt vemodig og heller veldig inspirert av folk som på førehand hadde teke seg den friheit med den alkoholholdige drikka. Ein takk til dei som gjorde den ellers så kleine stemninga ganske ok.
Eg og min kjære har i helga vore til fjells for første gong i år! Hurra for at eg brukar ein time på ein tur folk med normal kondis ville brukt 30 minutt! Sjølv har eg nok med å komme opp utan å dø av oksygenmangel. Eg latar derimot som om dette er heilt normalt, og er stolt fordi at eg i det heiletatt gadd/orka/klarte å vere med då eg teoretisk sett skulle vere nokså redusert etter festlegheitene kvelden før.
I kveld skal eg vere åleine utan min bedre (he-he-he) halvdel etter å ha vore meir eller mindre festa saman den siste veka. Eg har med andre ord store planar om å sjå True Blood og Pretty Little Liars utan sukking og uffing i bakrunnen. Veldig greitt igrunn syns eg.


