Igår fekk eg endeleg ein ny etterlengta dag med sommar! Derfor låg eg (med besøk av min kjære Siri Ann i nokre timar), med andre ord, ute i sola frå klokka var 12.00 til nøyaktig 18.15. Då hadde eg faktisk ikkje noko anna valg ettersom sola alltid skal vere så vanskeleg akkurat her og bestemme seg for å gå ned 18.30. Men I staden er me så “heldige” at me får sol kl. 05.00 om morgenen i stadenfor, som då skal kompensere for at ho går ned så tidleg. Uheldig nok syns eg ikkje dette er så utruleg morsomt, men dessverre kan eg ikkje gjere noko med naturkreftene(?), så eg får nesten berre vere glad til at det er sol i det heileteke.
Men no skal eg komme til saken: det er på slike dagar at eg verkeleg set pris på mitt fantastiske badebasseng! Dette burde vere ein invistering for alle hagar med respekt for seg sjølv(…) rundt om i Norges land. For hallo: i går var den første solskinsdagen etter det blei sett opp i år, og det rakk allerede utpå ettermiddagen å nå 21 grader! Med andre ord var det adjektivet “glovarmt” ungar ville ha valgt for å beskrive vatnet. Det var også det eg sa etter at eg var blitt så nedkjølt at eg ikkje lenger følte kulden.
Men no skal eg derimot gjere noko eg har prøvd i 7 år utan noko vidare hell: desperat prøve å lese Ringenes Herre. Dette har vore eit meir eller mindre uheldig prosjekt på alle måtar, ettersom eg ikkje skjønnar noko som helst av det eg les, og heller ikkje har tolmodet til å lese over 1000 sider. Men eit mål er sett, og eg skal fullføre. Hurra for at eg har lese 200 sider på 7 år!
