Det er rart å tenke på at eg faktisk ikkje har vore åleine/utan kjæraten i så veldig mange helgar på faktisk eit par år. Derfor er det ganske merkeleg når eg då – andre helga på rad – sit heime åleine som ei anna gal kattedame utan venner og lurar på kva i alle dagar eg skal finne på. No skal det seiast at eg også er ein person som elskar mitt eige selskap, men eg har funne ut at dette varer kun i små tidsperiodar om gangen. No er eg i vertfall offisielt lei – og eg har berre vore åleine i ein og ein halv dag. No er det berre to dagar igjen! Såå, kva gjer eg? Det første eg gjorde var noko sjeldant som berre skjer stort sett eit par gonger i året: eg vaska rommet. Dette var jo ein stor nok jobb i seg sjølv, som opptok ein del tid. Deretter fann eg ut at det passa med ein dusj… og så hugsar eg faktisk ikkje så mykje meir av kva eg gjorde i går. Anten var det så ufatteleg lite interessant at eg sjølv har fortrengt det, eller så lid eg av ein gryande alzheimers. Med tanke på at det meste av denne dagen (bortsett frå dei små augeblikka der eg vart forbanna fordi tven ikkje har tatt opp Gossip Girl (….) og at eg spelte Sims3 ei lita stund (les: nokre timar)) også har gått vekk i ei slags tåke, verkar det sannsynleg at det er ein slags kombinasjon av dei to tinga. Tommel opp for det!
Men hadde det berre vore sol, skulle eg ha vore fornøgd! Forrige helg kunne eg faktisk grille litt flesk og nesten(!) bli solbrent mens eg høyrde på P3 dag ut og dag inn, men det går ikkje i dag. Veldig morsomt å tenke på at samme dagen bassenget vart sett opp, byrja det å regne. Enda meir morsomt å tenke på at dette skjedde i fjor òg – og då stoppa det ikkje å regne resten av sommaren heller. Kanskje eg burde gjere noko nyttig for ein gongs skuld, men det fristar ikkje det heller. Slenger heller med to bilder eg akkurat tok, som eit desperat forsøk på å finne tilbake til fotolysten og for å ikkje drepe heile innlegget med bokstavar. Hurra!

