Som kanskje nokre har merka, har eg ikkje skrive eit einaste innlegg på gamlebloggen sidan sånn ca i mars. Dette har ein enkel forklaring: eg har ikkje hatt lyst. Grunnen til dette er rett og slett fordi blogg.no-plattformen er idiotisk på alle måtar. Her snakkar vi toppbloggar som juksar, krangling mellom bloggarar og eigarane, og at resten består 12-åringar som for alltid kjem til å ha skrivefeil i språket sitt, og som kjem til i ein alder av 30 fortsatt skrive “hei fin blogg besøk min pliz kozz”. Sååå, eg har tenkt på dette i ei lita sund; altså å bytte bloggplattform. Ganske enkelt fordi eg ikkje har dei heilt store ambisjonane med blogginga, og heller ikkje har noko behov for å klatre topplista på blogg.no. Så her er eg: hurra! Kva eg gjer no, veit eg ikkje. Kanskje eg skal byrje med å gjere ein lang oppsummering av vinteren/våren kort? Okai: eg har vore meir skulelei enn nokon gong, eg har kjøpt ny mac (wuhu!!!), vore (ein slapp) russ og no er eg akkurat ferdig med vidaregåande. Dette var muligens ikkje det mest fascinerande livet eg har høyrt om, men la gå. Det er ivertfall det eg har gjort på, uansett kor kjedeleg det er.
Og ettersom det obligatoriske er skrive, kan eg byrje med kva eg gjer akkurat no: eg er sur (surprise!) fordi at PayPal ikkje vil fungere som eg vil. Veldig kjekt at nokre amerikanarar sit og nektar å tru at eg eksiterar. Veldig hyggeleg at eg av den grunn må sende bilde av pass, visakort, førarkort og kontoutskrift for å motbevise dette. Kva gjer ein ikkje for å kjøpe denne klokka på ebay? I tillegg er kjærasten på fisketur (…….) i nokre dagar, og ettersom eg i tillegg har sommarferie, har eg herved bestemt at eg skal ha Sex og Singelliv-maraton åleine i dag. Skål for det!
(Og dette designet er berre midlertidig, av den fine grunnen at eg ikkje gidd/klarar å gjere noko med det.)